Dette kartet krever JavaScript for å fungere.

Start

Adkomst

Frå Øystese sentrum køyrer ein til Mo. På Mo vil ein vidare finne skilting til Kjosås, og fortsett denne vegen til ein får vindpølse/streamer på høgre side. Dette er starten. Parker slik at det ikkje er problem for bilar å passere fritt.

Køyrebeskrivelse frå Øysese sentrum til start.

Flyging

Starten er søraustvendt, men er hovedvinden svak vil solgangsbrisen ofte dreie inn og stå rett på start. Fine hangforhold om sommaren. Best termikk i mars-mai.

Fordi start og landing er på innmark gjeld spesielle reglar her. Pilotar som vil fly her må betale ei avgift på 20 kroner per flytur. Kasse er satt opp på start. Ein startar kun framfor låven og hønsegarden.

Det finnast og ein øvre start på Kjosås. For å kome hit lyt ein køyre vidare på vegen, gjennom eit privat tun. Vegen går over til å bli privat og det må visast hensyn både med hensyn til antal bilar som ferdast her, men også evt parkering.

NB Det er ikkje lov å starte rett framom bustadhuset (nedre start). Unngå støy og ergrelser for dei som bur her. Kurs og treff må avtales på forhånd. Merk og at ein ved start på nedre start bør være i lufta før vegen, då denne skaper avlastning i startbanen.

Kjosås, Øystese

Kjosås ligg på garden Kjosås over Øystese sentrum. Det er asfaltert bilvei heilt fram til start.

Retningar
Sydaust Syd Sydaust
Syd
Høgde over havet
400 m
Høgdebegrensing
2846 m

Sikkerheit

Lisenskrav
Ingen spesielle
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb