Dette kartet krever JavaScript for å fungere.

Start

Adkomst

Frå Odda køyrer ein til Seljestad. Rett etter Statens Vegvesen sin vegstasjon er det skilta til venstre mot Løyning. Følg vegen heilt inn til gardane på Løyning. Parkering hjå Olav Løyning. Kjentmann bør være med fyrste gong ein skal finne stien oppover den bratte lia. Gangtid til start er ca 1,5 time.

Køyrebeskrivelse frå Odda sentrum til Løyning.

Flyging

Startane er fine. Den fyrste starten ein kjem til, etter å ha klatra opp lia, er sydvendt. Den er passe bratt, endar i eit stup, men det er ikkje noko problem. Her er det ofte vindkompresjon, og termikken kan stå kraftig inn. Litt lenger mot nord ligg ei myr. Her er det mykje starta mot vest. Termikken opp framfor starten og er ikkje så plagsom som starten mot sør. Litt lenger mot nord ligg ein langstrakt rygg, der det blir starta mykje mot vest. Her er det og mogeleg å ta av mot nordvest.

Løft finn ein rett framom sør-starten, i gryta mot sørvest, og over husa nede ved vatnet. I lia over husa kjem det ned ein bekk, og dette er siste sjanse.  Klarar du å komme deg opp i 12-1300 moh er det sannsynligvis nok til å skli nordover til Hildal, dersom det skulle være eit ønske og ikkje dalvinden er for sterk.

Løyning, Odda

På Løyning har det vore flydd mange fine og lange turar, til tross for ein tung marsj opp til starten. Her må ein gå alle høgdemeterane, men det er det verdt.

Retningar
Syd Sydvest Vest Syd
Sydvest
Vest
Høgde over havet
1000 m
Høgdebegrensing
2846 m

Sikkerheit

Lisenskrav
Ingen spesielle
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb