Intensivkurs i Paragliding

HPGK prøver igjen å få igang eit nybyrjarkurs i Paragliding. Denne gongen som intensivkurs i veke 30. (21 - 29 Juli).

Etter lite interesse ved forrige kurs prøver me på nytt å sette opp ein kurs. Denne gongen fell det inn i fellesferietida, og blir køyrt som intensivkurs.

Oppstart blir Laurdag 21 Juli og planlagt avslutning Sundag 29 Juli.

Kurset vert helde i indre Hardanger med Lofthus, Kinsarvik, Øystese og Rosendal som mogelege kursområder. Kvar kurset kjem til å halde seg mest avhenger av vær og vind den aktuelle veka.

Kurspris er sett til kr 8000,- og inkluderar:

- Instrukjon

- Lærebøker

- Utstyr under kurs, samt ein månad gratis leige etter kurs.

- Forsikring under kurs og eit år etter fullført kurs.

- Medlemskap i Norges Luftsportsforbund (HG/PG), samt medlemskap i Hardanger Paragliderklubb.


For ungdom i alderen 15-25 år som er busett i Hardanger, vil Hardanger Paragliderklubb tilbakebetale kr 1000,- ved fullført kurs. Kursprisen blir såleis kr 7000,-!!!

Meir informasjon og kontaktskjema finn du her. Eller ta direkte kontakt med ein av instruktørane:

Øystein:  97520149
Guri:         47337620

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb