Vårkurs 2012

Hardanger Paragliderklubb startar helgebasert kurs i Paragliding 3de Mars.

Kontaktskjema

Kontaktskjema





Trykk over for å vise skjema.

Oppstart for nytt kurs er satt til 3de Mars, truleg med oppmøte i Kvam. 

Kurset startar opp helga 3-4 Mars og vil vare utover Mars og April. Antal helger kurset varer er avhengig av vær og vindforhold.

Hovudinstruktør er Geir Dyvik, og han vil ha med seg Øystein Dagestad og Guri Storeide.

Er du interessert i å delta på kurs så fyll inn skjemaet over, og ein av instruktørane vil ta kontakt med deg snarleg.

Kva kjerneområde kurset vil halde til i blir fastsett med utgangspunkt i kvar elevane er busett, samt vær og vindvarsel for den aktuelle helga. Dette vil bli formidla av instruktørane på kurset. Men i hovudsak vil desse stadene bli mest nytta:


Øystese

Rosendal

Lofthus

 

Kurspris er sett til kr 8000,- og inkluderar:

- Instrukjon

- Lærebøker

- Utstyr under kurs, samt ein månad gratis leige etter kurs.

- Forsikring under kurs og eit år etter fullført kurs.

- Medlemskap i Norges Luftsportsforbund (HG/PG), samt medlemskap i Hardanger Paragliderklubb.


For ungdom i alderen 15-25 år som er busett i Hardanger, vil Hardanger Paragliderklubb tilbakebetale kr 1000,- ved fullført kurs. Kursprisen blir såleis kr 7000,-!!!


Meir informasjon og kontaktskjema finn du her. Eller ta direkte kontakt med ein av instruktørane:

Geir:         91392191

Øystein:  97520149
Guri:         47337620

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2014 © Hardanger Paragliderklubb